torsdag 27. januar 2011

Håkon & Haffner heilt på trynet i Arkitekturens år 2011

Bodø reiste seg som "Fugl Fønix" av asken etter 1940. Det var langt frå Albert Speers Naziby i Berlin til det som reiste seg i Salten. Håkon & Haffner ser ut til å ha bomma kapitalt i si historieskriving
Amundsen og Nansen får ha meg unskyldt. Det er Arkitekturens år i år, altså i samband med 100 årsjubileet til Norske Arkitekters Landsforbund (NAL). Dette har resultert i ei NRK-satsing på arkitektur kalla "Håkon & Haffners byggeklosser". Kvar måndag nokre veker framover kan du få eit hesblesande show av to wannabe fagfolk innafor traden, men for Guds skuld; ta ikkje alt for god fisk, for makan til tøys vi fekk servert sist har vi sjeldan sett.


Poenget var at Hitler og Albert Speer hadde skapt mesteparten av byane i Noreg i eit slags Nazistisk visuelt bilde. Det gjald særleg dei 23 tettstadene som vart øydelagt av tyske bombefly våren 1940. Dei gamle og tøysete påstandene vart kolportert vidare av dei to fiffige og veldressa gutane, utan nokon form for kritiske spørsmål. Dette er programmet som i programomtalen meiner at dei "på humoristisk vis" og "med nytt blikk" skal gje oss nye perspektiv på vår arkitektur. Desverre makta dei ikkje dette. Alt var gammelt sludder. Det er derimot ikkje den forskinga som er gjort på gjenreisingsbyane i Noreg dei siste åra, både i Tromsø og Trondheim. Her er nettopp perspektivet at det var stort rom for lokale tilpasningar og at dei gamle byplanane frå før krigen vart tatt inn i og vidareført i dei nye planane.

På ein spekulativ måte hadde Håkon & Haffner kryssklipt intervju med Albert Speer der han uttalte seg om den nazistisk inspirerte arkitekturen i Berlin, for så å gje sjåaren inntrykk av at han snakka om Kristiansund eller ein annan av dei norske krigsherja byane. Kan du forresten sjå skilnaden mellom Bodø over frå ca 1950 og planane for Berlin?
Reguleringsarkitekt Claus W. Kamstrup, ved BSR-kontoret i Bodø utarbeidde eit omfattande oversyn over ”Bodø byplan” i 1950-51 i form av eit lite hefte med kartvedlegg. I heftet ga han eit kort riss over byplanhistoria for byen i Salten fram mot krigsbrannen i 1940. Kamstrup betonar definitivt dei historiske røtene bak Bodøs gjenreisingsplan. Det er reguleringa av byen frå 1920-åra som blir vidareført i den nye planen, skriv Kamstrup og syner til bakgrunnen bak planarbeidet i 20-åra, som hadde sin bakgrunn i to sentrale hendingar. For det første hadde det vore jernbaneundersøkingar i 1917, som gjorde det klårt at byen måtte legge til rette for den nye tids kommunikasjonar. Særleg presserande var det for byen og sjå jernbaneetableringa i samanheng med hamneutbygging. Det andre viktige momentet var den raske veksten i utbygginga av bustader innafor det området Kamstrup karakteriserte som ”de åpent bygde strøk”,  særlig i området ved Rensåsgata og sør for denne. Det var behov for å få ei tidsmessig regulering av denne byggeveksten, skriv Kamstrup.[1]

I historieframstillinga til reguleringsarkitekten er det liten tvil om at byen handterte gjenreisinga sjølvstendig og uavhengig. Alt i juli 1940 ”henvendte formannskapet seg til arkitekt Kristofer Lange med anmodning om å fremkomme med forslag til regulering av brannstrøket”, skriv Kamstrup i sitt grundige notat Bodø byplan.[2] Dette var lenge før Speer og co hadde tatt kontroll over planarbeid frå Berlin, langt mindre Joseph Terboven og Rikskommissariatet i Oslo. Det var slett ikkje tilfeldig at det nettopp var Lange dei lokale styresmaktene kontakta. Det var jo han som hadde første-premie-utkastet til konkurransen om byregulering i 1920. Det var dessutan Lange sin byplan ein hadde bygd på fram til krigsherjingane i 1940.
I mellomtida held altså dei som  gjev seg ut for å vere ekspertar på byutvikling fram med å feilinformere folk om forholda rundt byreguleringa under krigen. NRK må få stoppa dette tullet! I det minste må nokon få sjanse til å justere dette inn. Alt kan jo ikkje berre dreie seg om å gjøre det humoristisk og på ein ny måte. Det heile må jo ha substans, og desverre "Håkon og Haffner"; det var historisk sett heilt på trynet!
Det er faktisk ganske alvorleg at ein går rundt å karakteriserer noko for å vere nazistisk når det ikkje er det. Tenk om det var bror din?


[1] Kamstrup: Bodø byplan. Hovedtrekkene i dens utvikling og reguleringsarbeidet som er utført av Brente Steders Regulering: 10. BSR-arkivet AiN 1946-51: 



[2] Kamstrup: Bodø byplan. Hovedtrekkene i dens utvikling og reguleringsarbeidet som er utført av Brente Steders Regulering: 10. BSR-arkivet AiN 1946-51:



4 kommentarer:

  1. Veldig enig med deg, Steinar. Det er jo også verd å få med seg at beskyldningene om nazistisk byplanlegging rammer lederen for Brente Steders Regulering, Sverre Pedersen, som har et tungt ansvar for planlegging av byer og tettsteder her nord: Narvik, Tromsø, Finnsnes og Gibostad (!), bare for å nevne noen få. Pedersen hadde lagt grunnlaget for sin byplantenking lenge før han ble kapret av Speer og Terboven til å lede byplanarbeidet under krigen. Kunnskap om dette fins i stort monn, men kunnskap er tydeligvis ikke det viktigste for heftige Håkon & Haffner. Absolutt enig i din advarsel!

    SvarSlett
  2. Ja, Oddvar. her skal vi sjølvsagt vere nyanserte. Kamstrup skreiv altså historia til BSR, men han hadde komme inn etter 1945, og han såg jo kva som var saka i Bodø. Lange vidareførte sine planar. Her trur eg det ligg ein del frontar mellom Oslo og Trondheim når det gjeld tolkinga av arkitekturhistoria, og eit enormt behov for enkelte arkitekar for å drepe "far" sin og eventuelt nokre generasjonsmotsetnader etter krigen som kom opp.

    SvarSlett
  3. Kommentar frå Robert Øfsti, Steinkjer
    Eg skulle gjerne likt å vite korleis rollefordelinga har vore mellom NRK Tromsø sin Faktaredaksjon og programledarane.

    For omlag eitt år sia vart eg oppringt av manusansvarleg Elisabeth Brun, NRK Tromsø. Ho fortalde om serien, at første program skulle handle om Brente Steders Regulering og gjenreisingsbyane og ba om innspel. Ho hadde ringt rett nummer. Nasjonalt senter for Gjenreisingsarkitektur der eg er tilsett, skal ha greie på dette. Nokre dagar seinare fekk eg ein e-post frå Brun, med delar av manus som eg vart beden om å kommentere. Første del av svaret mitt kjem her. Det syner at programskaparane heilt bevisst har sett til side fakta dei er vel kjende med. Regelrett historieforfalsking, med andre ord

    From: Elisabeth Brun Sent: Wednesday, February 10, 2010 3:37 PM To: Øfsti, Robert
    Subject: hva tenker du om dette?

    Hei, svara mine finn du i samband med spørsmåla nedanfor:

    ”DIALOG
    Byplanene Sverre Pedersen lagte for nazistene ble altså tatt i bruk etter krigen var over og Norge skulle bygges opp igjen.
    Ideene ble hentet fra byer som hadde de samme idealene som Nazityskland hadde.

    SVAR: Pedersen laga ikkje planane for nazistane. Han vart først beden av dei kommunale styresmaktene i Kristiansund, Molde, Steinkjer, Namsos og Åndalsnes om å lage nye byplanar. Dette skjedde i mai 1940. Mot slutten av juni vart han spurd av riksarkitekt Crawfurd-Jensen og andre norske styresmakter om å bli sjef for BSR."Den 10.september 1940 var planene for 6 byer lagt fram til behandling ved de lokale myndigheter. De primære planer bar naturligvis preg av lokale ønsker, uaktet det var lykkes i noen utstrekning å finne løsninger på lokale stridigheter, som f.eks plass for rutebilsentral o lign" skriv Pedersen sjølv.
    Men så blandar tyskarane seg inn. Oberbaurat Stephan og baurat Luther og Pedersen reiser rundt og gjennomgår planane "...på stedene. ..Herr Stephans bemerkninger til planene, gikk stort sett ut på at der var tatt litt for meget hensyn til lokale forhold og private grunneierforhold. Han ønsket også litt større dimensjoner på enkelte gater og en mer bevisst utformning av plassanleggene. Han betonet at reguleringsabeidet skulde være et norsk anliggende og utføres av norske arkitekter", skriv Pedersen.

    Dei nye planane ("forandringsforslag i den retning som angitt av Oberbaurat Stephan" (SP) er ferdige idet BSR dreg på studietur til Tyskland. Desse planane blir godtatt og blir, med mindre endringar (noko måtte vel BSR drive på med under den langvarige byggestoppen) lagt fram til vanleg offentleg høyring når krigen er slutt. Og dei blir godtekne med nokre justeringar.

    SvarSlett
  4. Man trenger ikke være arktiekt for å skjønne at Håkon og Haffner stort sett er på videvanke. Når de presenterer gargoylene på Nidarosdomen som noe som skal skremme folk til religiøsitet er de ikke bare slurvete, men temmelig enfoldige. Programserien bærer preg av slurv og vankunnighet i skjønn forening, og det er synd at de får lov til å ødelegge en såpass morsom idé som tross alt ligger i bunn.

    SvarSlett