onsdag 22. desember 2010
Magiske fotos
Den siste tida har det vore masse snakk om åndeliv og magiske hendingar. Fotoet i dag er frå Duomoen i Milano sommaren 2010. Kven dei som står rundt meg var veit eg ikkje. Gjenferd, åndevesen ?
tirsdag 14. desember 2010
Julestemning i Narvik
I går feira Narvik Luciadagen med lysfest rundt dama på torvet. Fakkeboksar langs Frydenlundsbrua og over til Oscarsborg gjorde det stemningsfullt. Her ser vi området betrakta frå Kikindas plass oppe på Torvhalltaket. Kikinda er den serbiske venskapsbyen til Narvik som ligg oppe i Vojvodina. Byen hadde særleg mange fangar i Beisfjordleiren under krigen. Dødeligheita i leiren under den serbiske perioden var på nivå med dei verste leirane på kontinentet.
mandag 13. desember 2010
"I stall og stue" - norsk hegemonikultur i eit nøtteskal
I dag er det Lucia-dagen. Alle har fått det med seg. Den nyreligiøse svenskinnførte tradisjonen med uskuldskvite småjenter med lysestakar i håret og kvite stearinlys i hendene, syngande om "mørket som senker seg i stall og stue". Først og fremst handlar dette om barnehagekultur. Med barnehageungane kom Lucia-dagen. Før denne fanst han berre i Sverige, der barnehagane kom først. For det andre er feiringa ein av dei beste indikatorar på oppfinning av ein tradisjon som illustrerer norsk kulturhegemoni. Den gamle napolitanske songen til Teodoro Cottrau om St.Lucia handlar slett ikkje om bonderomantikk eller innlandskultur i "stall og stue". Sidan han er omsett frå svensk kjem dette heilt bort. St.Lucia var nemleg songen fiskarane i Napolibukta song når dei var ute på havet, ikkje ulikt det ti tusener av nordmenn langs den langstrekte kysten vår opplevde.
![]() |
| "O dolce Napoli, o suol beato", heiter det i ei av versa til den napolitanske songen om St.Lucia. I god norsk bokmåls/austlands-tradisjon har ein klart å flytte dette til stallen i ein innlandsgard |
Dei song om sølvstjerna som skein over havet, om den gunstige vinden, dei fredeleg bølgjene og ba om at St.Lucia kom ombord i sin "barchetta" - båten deira. Vidare handla det nettopp om å få godt ver og god bør, og så hylla dei Napolibukta, den vakre bukta der sør; "O dolce Napoli, o suol beato". (O søte Napoli, o signa land). Derfor blir mange overraska over å høre songen blant båtfolk i Napoli-bukta heile året.
Å få songen til å bli ein bonderomantisk song om mørket som senkar seg i stallen er rett og slett for drøyt, særleg tatt i betraktning at storparten av folk i landet vårt bur langs kysten og har ei tilknyting til havet som handlar om kystkultur, fiske og fangst, samferdsel, handel og kommunikasjon, og ikkje minst i dei seinare åra offshore-verksemd. Men dette føyar seg berre inn i den tradisjonelle norske måten der dølen er nasjonens kulturbærar og bonden den viktigaste yrkesgruppa i norsk nasjonalisme, og ungar land og strand rundt må gnåle om alle dei austlandske tinga - på bokmålsk så klart. Slik går det når norske tradisjonar skal oversettast frå svensk og ikkje frå originalspråket.
mandag 6. desember 2010
Nytt innlegg i Logodebatten
Frå Seksjon for Historie ved Høgskolen i Bodø har det komme eit splitter nytt logoframlegg. I grunngjevinga frå seksjonen heiter det: Vi er det friske, fagerike og luftige universitetet. Vi vil opp og fram.
Inspirasjonen bak framlegg kom etter at ein av seksjonen sine medlemmar deltok i eit barneselskap.
Inspirasjonen bak framlegg kom etter at ein av seksjonen sine medlemmar deltok i eit barneselskap.
fredag 3. desember 2010
Logodebatt
Eg hadde ikkje komme i ny jobb før eg havna i ein ny debatt om "visuell profil". Eg har med andre ord hamna i ein ny logo-debatt. Dei siste åra har ein viss bransje kost seg glugg i hel over alle dei fantastiske logoane dei har kunna rista ut av ermet. Alskens organisasjonar og offentlege institusjonar har hatt ei leiing som sit der servilt og seier at dette var jammen fint, sjølv om dei inst inne ikkje meiner det. Ved Universitetet i Stavanger fekk eit profesjonelt firma av kreative designarar teikna ny logo, visstnok eit eller anna frå regionen med ei slags heilag kraft, nærmast ei heilag jomfru. Resultatet vart at alle i organisasjonen kalla den nye logoen for "spøgelset", for det var det dei såg. Ved Universitetet i Tromsø skulle dei ha ny profil, fordi dei fusjonerte med lærarskolen. Då hadde organisasjonen utmerka seg med ein av dei mest geniale logoar nokon sinne - Odins ramnar Hugin og Munin.
Om desse heiter det mellom anna: "Namnet Hugin tyder tanke og namnet Munin tyder minne. Det vert fortalt at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin." Perfekte symbol for eit universitet som vil vere fremst i forsking og undervisning.
Etter at dei tilsette mobiliserte sterkt, måtte kommunikasjonsavdelinga strekke våpen, og utfasing av ramnane vart stoppa. Dei grafiske designarane vart forsmådde, men fekk sine premiepengar.
Om desse heiter det mellom anna: "Namnet Hugin tyder tanke og namnet Munin tyder minne. Det vert fortalt at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin." Perfekte symbol for eit universitet som vil vere fremst i forsking og undervisning.
Etter at dei tilsette mobiliserte sterkt, måtte kommunikasjonsavdelinga strekke våpen, og utfasing av ramnane vart stoppa. Dei grafiske designarane vart forsmådde, men fekk sine premiepengar.
Så kjem det fatale utspelet frå det nye nordnorske Universitetet i Nordland, som skal ha ein slags nonfigurativ "Barbie-logo" - sitat Roger Lockertsen - som dette:
Kva er grunngjevinga for logoen utvikla av Rayon Visual Concepts AS ? Jo, det er "kantete former satt sammen til en helhet som representerer det kontrastfylte, rå og majestetiske i det nordlandske landskapet". Og vidare:
- Vi må assosiere til måten fjellet stuper ned i havet
- Hvordan lyset treffer siden av en bergvegg
- Det duggvåte og irrgrønne gresset innerst i en liten vik
- Den krittvite stranden som åpenbarer seg bak en odde
- Den høye himmelen som tindene strekker seg mot og
- Høstfargene som speiler seg i havet
fredag 12. november 2010
Elias Blix-jubileet, Gildeskål og myta om mannen
Den siste tida har det versert ein del innlegg i Avisa Nordland om Elias Blix. Særleg irriterande er det at Blix skulle blitt nekta å preike i Gildeskål då han var heime sommaren 1866. Dette er ei myte som professor Hallgeir Elstad har prøvd å punktere sidan 2002, men han ser ikkje ut til å ha lukkast med det. La oss derfor sjå på myta om presten Blix som vart stoppa i Gildeskål.
| Domkyrkja i Reykjavik. Elias Blix hadde ingen draum om å preike, meiner professor i teologi Hallgeir Elstad ved Teologisk Institutt, Universitetet i Oslo |
Elstad (Kirke og Kultur 5/6-2002) skriv at Blix drog heim til Gildeskål etter embetseksamen i teologi i 1866, for første gong sidan han reiste til hovudstaden i 1859. Folk hadde store forventningar til han, fordi dei hadde hørt at han hadde gjort det godt, og at han ville bli prest. ”Tenk om dei kunne få høyre han preike i heimekyrkja”, skriv Elstad, og legg til at tanken var realistisk. Heime møtte han sokneprest Hans Henrik Holch Daae, som han la fram ærendet for, heiter det i myta. ”Men soknepresten, som var av gammal embetsmannslekt, nekta han å preike i Gildeskål kyrkje. Han ville ikkje sleppe ein allmugemann som Elias Blix opp på preikestolen. Allmugen kunne blir lærarar, men prestar, nei, der gjekk grensa, skal soknepresten ha meint.” Blix skulle tatt avslaget så tungt at han gav opp å bli prest, for i staden å bli vitskapsmann.
Elstad spør om forklaringa er rimeleg for korfor Blix aldri vart prest. Kunne soknepresten få ”ein dugande teolog” til å endre livsplanen, spør han. ”Var Blix så vakkelvoren? Trudde han ikkje meir på det han dreiv med?” Historia er ikkje dokumentert. Elstad meiner ho er usannsynleg. Fordi:
1. Dersom det var tilfelle at Daae nekta Blix å preike, ville Blix ha skrive om det nokon stad. Det har han ikkje.
2. Korfor skulle Daae svare nei på eit spørsmål frå cand. theol. Elias Blix om å få preike? Det ville vere i strid med norsk lov, fordi lova opna for at teologar skulle ha høve til å øve seg i kyrkja. Blix og Daae var likemenn, og ingen nekta bondesøner prestestilling. ”Soknepresten må ha visst at Blix hadde ei høg stjerne i bygda”, skriv Elstad, og legg til at Daae måtte ha ”tilstrekkeleg sosial antenne til å innsjå at dette var ei ikkje-sak”.
3. Blix hjelpte Daae med eksamensarbeid den sommaren. Dei samarbeidde godt og tett. Ville dei gjort det om soknepresten hadde nekta Blix å preike, spør Elstad.
Heimkomen til Kristiania (Oslo) hausten 1866, skreiv Blix at han hadde ”gjenseet mit kjære Hjem”, og at turen hadde gjort han ”ligesom forynget, aldeles nordlandsk i Sind og Skind". Den optimistiske tonen kjem ikkje frå ein nedbroten ung mann ”som har vorte nekta preikestolen og har endra livsplan”, konkluderer Elstad.
Det er grunn til å tru at Elias Blix alt hadde bestemt seg for ikkje å bli prest. I 1861, då han studerte hebraisk som del av teologistudiet, skriv han at det var eit studie han kjente ”stor lyst" ved. Biskop Anton Chr. Bang - farlaus fiskarbondeson frå Dønna og studiekamerat frå Tromsø og nær ven, talte i gravferda om Blix: "Uden Famlen, uden Vaklen” fann han si ”Livsopgave og blev denne tro til sidste Stund", og sikta då til vitskapsmannen Blix.
Elstad meiner personlege grunnar låg bak. Blix var svært sjenert. Ein tidlegare Tromsøelev fortalte: "Han vart raud berre dei tala til han, og han våga mest ikkje tala til elevane." Som universitetsprofessor var han svært reservert overfor studentane. Han var ingen folketalar, og heldt seg taus i store forsamlingar. På talarstolen på Stortinget vart han rekna som keisam, og sjølv vantrivetest han på preikestolen og framfor alteret.
Blix spurte neppe om å få preike i heimekyrkja sommaren 1866. Det ikkje hans draum, men kanskje mest draumen til folk i Gildeskål. Kanskje vart dei skuffa då dei ikkje fekk oppfylt den, skriv Elstad: ”Rykta tok til å svirre. Kva var det med han Elias? Det måtte då vere noko sidan han ikkje fekk preike? Lause rykte vart til historisk sanning: Sokneprest Daae hadde nekta Blix å preike. Embetsmannen ville ikkje ha bondesonen på preikestolen. Og historia om Blix som vart nekta å preike i heimekyrkja si, passa unekteleg godt inn i den gamle motsetnaden mellom nordlendingane og arrogante embetsmenn sørfrå”. Slik har ein påstand utan dokumentasjon blitt ført vidare og halde fast som ei historisk sanning, også inn i Blix-jubileet i 2011.
Du finn artikkelen til Elstad her
torsdag 11. november 2010
11.11. kl 11
Den 11. november kl 11 i 1918 vart kanonane tause etter nyare histories verste inferno. I eit blodbad utan like hadde krigen frå 1914-18 påført dei største nasjonane i Europa sår som aldri skulle legast. Dei skulle til og med medføre så mye irritasjon blant forsmådde taparar og dei som var misnøgde med oppgjøret på vinnarsida, at det nærmast var uungåeleg med eit nytt blodbad berre 20 år seinare. I alt reknar ein med at krigen kosta 10 millionar soldatar livet, 7,7 av dei er savna og så mange som 22 millionar vart skadde. Dette var generasjonar av gutar og menn i sin beste alder, og det skapte traumar som skulle prege folk i dei deltakande nasjonane i lang tid framover.
I vestlege land som Storbritannia og Frankrike vart ein også prega av den første verdskrigen, som ein for alt i verda måtte unngå å gjenta. Dermed fekk Hitler friare spelerom lenger. Ein visste ikkje kva fyr ein hadde med å gjøre, og ville for alt i verda unngå ein ny krig. Til og med vesle Noreg tenkte at det viktigaste i 1938-1940 var å halde seg ute av krigen, som i 1914-18. Det skulle vise seg å vere fatalt, og etterpå denne hadde vi jo fått ein ny sterk nabo i den revolusjonære Stalins Sovjetunion - som ein følge av første verdskrigen. Det ga nye historiske erfaringar og trusselbildar.
Som vi historikarane alltid seier: - Alt heng saman med alt.
Så hugs å sjå på klokka di klokka 11 den 11.11.
I Italia la den første verdskrigen vegen open for folk som Benito Mussolini, medan Austerrike-Ungarn var blitt delt opp i små smular og tørsta etter å bli stor att. Vegen inn i Anschluss var kort for Austerrike, mens Ungarn også ville vere vener med Hitler då den tid kom. I aust bana krigen mellom 1914-18 vegen for ein revolusjon som skulle bli starten på eit av verdshistorias største sosiale og politiske eksperiment, med katastrofale følgjer for tsjekkarar, ungararar og aust-tyskarar, men ikkje minst for russarane sjølv og alle dei ulike etniske/nasjonale gruppene innafor det gigantiske sovjetiske imperiet.
Ingenting av dette ville vore mogleg utan den første verdskrigen. Den vesle misforståtte kunstnarspira frå Austerrike som sjølv opplevde nederlaget ved fronten den 11.11.1918 kl 11, skulle komme grusomt tilbake seinare. Korporal Schicklgruber, som han seinare foraktleg vart kalla, fordi det var namnet faren hans vart fødd til. Hitler er Hitler, og på grunn av han er det knapt nok ein mann i den vestlege verda som heiter Adolf til fornamn lenger.
Som vi historikarane alltid seier: - Alt heng saman med alt.
Så hugs å sjå på klokka di klokka 11 den 11.11.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



