Dagen derpå er det lett å vere etterpåklok, men det skal ein alltid. Det er faktisk grunn til det. Så alt for ofte ser vi at det beste laget ryk ut av ein straffekonk i viktige meisterskap, fordi det feige laget ikkje vil angripe og dermed ikkje blottlegg seg med å gå med for mange mann i angrep.
Slik favoriserer ein destruktiv fotball, der det å forsvare seg står i høgsetet. Slik vart det ikkje i går. Feige, defensivt orienterte England fekk ikkje gleden av å vinne kampen dei ikkje ville vise seg fram i. 63 % posession i favør Italia fortel sitt. England var berre borti ballen i 37 % av kampen. Kva dei gjorde elles veit alle; dei sprang rundt for å forhindre baklengsmål, noko dei dårlegare laga sjølvsagt må få til når dei ikkje har noko å by på. Vi såg det i vår også. I semifinale og finale spelte Chelsea som eit handball-lag. Alle mann rundt seksmeteren. Slik vann dei Champions League-finalen på straffer. Med destruktivt spel, totalt i mot spelets intensjon om å skåre fleire mål enn dei andre. For desse laga er straffekonken blitt halmstrået. Den einaste sjansen dei har til å vinne.
Derfor må fotballen tenke nytt. Som i barnefotballen bør ein heller favorisere dei som angrip. Viss det laget som hadde flest kårnerar vann, ville det spart Ashleyane i går for miseren. I realiteteten var det ikkje dei som tapte for England, men feige England, altså heile laget. I går fekk Italia sju kårnerar og England tre. Det fortel alt om offensiv vilje. Skotstatistikken likeså: Italia hadde 31 skot på mål, mot Englands 18.
Kårnerstatistikken og den offensive viljen skal dyrkast. Det er det som er fotballens idè. Viss kårnestatisitikken hadde vore gjeldande i Champions League-finalen hadde også det beste laget vunne den kampen. Bayern München fekk 20, mens Chelsea hadde ein kårner. Det fortel alt om den kampen. UEFA og FIFA må tenkje nytt, og det straks.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar