Den 27. januar markerer den internasjonale Holocaust-dagen. Det dagen då sovjetiske styrkar gjekk inn i konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Først då fekk ein oversyn over omfanget av nazistiske overgrep, hovudsakleg retta mot jødane. I denne leiren hadde også ni av 15 jødar frå Narvik døydd som ledd i Holocaust.
 |
Samuel Fischer frå Narvik døydde berre 35 år gamal i Auschwitz i 1943. Her fotografert saman med Inga Andreassen i glade dagar i Ofoten. |
Tiltak mot Holocaust-fornekting
Det var i 2006 FN tok initiativ til minnemarkeringa som både skulle ære alle ofra etter Holocaust og samstundes styrke respekt og verdigheit for enkeltindividet. Dessutan ville FN feire mangfald, styrke menneskerettane og slå ned Holocaust-fornekting. Det siste var kanskje viktigaste, då antisemittisme vann fram, hand i hand med andre formar for diskriminering.
Norske krigserfaringar
Den norske krigserfaringa lærte oss verdien av å stå i mot totalitære regime og diktatur, men også om korleis rasediskriminering med under- og overordning av raser fungerte i all sin gru. Nordpå såg vi korleis jugoslaviske og sovjetiske krigsfangar vart pint til døde, og først seinare fekk vi vite om våre eigne forfølgde sine opphald i fangeleirar i Noreg og på kontinentet.
Politifolk blir fjerna
Frå Narvik vart det for eksempel sendt fire politifolk som ikkje let seg kue til leiren Stutthof i Polen. Ein av Narvik-gutane, Rolf Berg sa til Fremover i 1995 at unge menn i sin beste alder fekk høve til å arbeide seg til døde i leirene, medan kvinner, barn og eldre blei rekna for uproduktive, og gassa i hel. Trass i prøvelsar fekk dei ikkje den same hardføre behandlinga som dei verst utsette. Berg var norsk og fekk rasjon og arbeidsbyrde av anna kaliber enn jødar, sigøynarar og andre såkalla ”undermenneske”.
Caplan-familien sin lagnad
Kjøpmannen Jacob Caplan kom ikkje tilbake til Narvik etter krigen. Han var blant dei første arresterte jødane nordpå, da familien vart vekt av støy utafor huset i Øvre Promenadegate 18. juni 1941. Ved megafon ropte politiet at alle menn måtte komme på gata, og deretter vart Caplan deportert sørover saman med faren og fire brør, og fleire andre jødar frå landsdelen, deriblant Martin Fischer frå Narvik. Livet enda i ei tysk konsentrasjonsleir, slik det også gjekk med Narvik-direktør Isac Pickelner.
Mirakel for Sara, Sammy og Harry Caplan
Men kona til Caplan, Sara og sønene Sammy (Salomon) og Harry, berga livet på mirakuløst vis. Dei vart arrestert og sendt til Bredtveit fengsel i Oslo i november 1942. I kaoset under eit bombeangrep på Bredtveit fekk Sara hjelp til å rømme av en tysk offiser. Etter ein rask operasjon var dei tre på veg med tog til Saras fødeby København, der dei gjekk under jorda, før dei rømte i hui å hast til Sverige med ei fiskeskøyte i 1943. Den danske motstandsrørsla var meir aktiv enn den norske i redninga av danske jødar, men så hadde dei betre vilkår for å få folk til Sverige. Etter krigen budde Harry i USA.
Familien Fischer
Familien Fischer, var jødar etablerte firmaet «Narvik herreekvipering» då dei kom til byen på 1920-tallet. Firmaet låg i Kongens gate 14 der Posten og Politiet er i dag. Overfallsdagen 9.april 1940 rømte familien til Skjomen saman med den jødiske familien Caplan. Der vart dei til dei allierte kapitulerte 10.juni, men Abel Fischer og onkelen Samuel var overtydd om at jødar gikk utrygge tider i møte. Dei tok seg derfor til Sverige same sommaren.
Jødearrestasjonen i Narvik
Då vakthavande ved Narvik politikammer kom på jobb klokka 24.00 den 25.oktober 1942, låg arrestordren på resten av dei mannlege jødane i Narvik på pulten. Oscar Emanuel Bernstein, David, Samuel og Wulf Fischer vart arrestert, og for at ingen skulle sleppe unna måtte arrestasjonen skje før klokka seks. Dei fekk berre med undertøyskift, strømper, spisebestikk, rasjoneringskort, toalettsaker og legitimasjon. Arrestordren var underskriven av ein sentral NS-mann i byen, tidlegare sekretær for Nazi-ordføraren, no politiløytnant.
David Fischers feilgrep
David Fischer hadde vore saman med Abel i Skellefteå, og etter ei tid der gjorde han det feilgrepet at han reiste tilbake til Narvik for å hjelpe broren med forretningane. Abel Fischer advarte han, men onkelen var urokkeleg: «Hadde han hørt på meg, kunne han kanskje ha levd i mange år. I stedet endte han sitt liv i Auschwitz tre år seinere», forklarte Abel 50 år seinare.
Mange jødar arrestert
Jødearrestasjonane i Narvik som i resten av landet skjedde raskt og utan varsel takk vere eit lojalt politikorps og samarbeid med lokale nazistar. Abel Fischer var sår då han seinare hørte at arrestasjonen av faren Martin, mora Bertha, søskena Wulf, Idar og Lilian, og onklane Samuel og David vart gjennomført med støtte frå angivarar og lokale nazistar. Med på arrestasjonane var folk familien kjente frå lenge før krigen. Ein annan grunn til at få jødar slapp frå det i live, var at dei ikkje skjønna faren for å bli arrestert og deportert. Far til Abel trudde ikkje slikt kunne skje i fredelege Noreg. Han døde i gasskammer i Tyskland. Alle jødar vart dessutan kartlagt, og fekk stempla «J» som symbol for jøde i passet. Med slike pass fekk dei ikkje reise, og vart effektivt halde på plass.
Borch-Johnsen reddar Oscar og Sara Bernstein
Ekteparet Oscar og Sara Bernstein fekk derimot hjelp av motstandsrørsla. Då Oscar skulle arresterast, vart han innlagt på Narvik sykehus med ”magesår”. Slik unngikk han å bli skipa i veg med dei andre jødane. Då han vart arrestert att, nekta sjukehuset å skrive han ut før han var frisk, og han vart innlagt i fem månader. Kona Sara vart arrestert og sendt til Bredtveit i november 1942, men fordi tyske ordre sa at kvinner ikkje skulle deporterast utan ektemakar, vart ho returnert til Narvik. 25.mars 1943 vart paret atter arrestert for deportasjon. Dei vart henta og kjørt til ein ventande båt i hamna som skulle gå fire timar seinare. Oscar Bernstein ba om å få vente på sjukehuset til avgang, og då transporten vart forpurra ei veke, kom ordren om å fengsle Bernstein. Overlege Borch-Johnsen hadde då skaffa legeattest, og Bernstein slapp å sitte i arrest. Deretter utførte XU-leiaren Borch-Johnsen fleire krumspring slik at Oscar og Sara Bernstein kom seg med tog over til Sverige: Først utførte han ein medisinsk «liksomoperasjon». Deretter hjelpte han til med flukta med jernbanen, der lokomotivførar Gustav Bengtzon gjømte ekteparet i kolkassen i lokomotivet. Frå loket vart dei smugla inn i ei tom, plombert godsvogn oppe på fjellet, og vidare over grensa.
Minnearbeid er viktig
I dag er det lite att som minner oss om det jødiske innslaget både i Narvik, og andre nordnorske byar. Det trass i at landsdelen òg var del i det omfattande antisemittiske prosjektet Holocaust. Derfor er det viktig og minnest om det som skjedde her, fordi flesteparten av dei som kan fortelje om det vart tatt av dage. Berre gjennom slikt minnearbeid kan vi ta vare på FN sine intensjonar om respekt og verdigheit for enkeltindividet, feire mangfald og styrke menneskerettar, og hindre Holocaust-fornekting. Det skuldar vi Isac Pickelner, familiane Caplan, Bernstein og Fischer, og alle dei andre som mista livet eller vart merka som følgje av Hitlers ideologiske skrekk-regime.
Jødar frå Narvik som døydde i Auschwitz i 1942-43
Fam.-namn
|
For-namn
|
Fødd
|
Yrke
|
Arrestert
|
Deportert
|
Skip
|
Død
|
Alder
|
Pickelner
|
Isak
|
1887
|
Direktør
|
18.6.1941
|
26.11.1942
|
Monte Rosa
|
Jan 43
|
55
|
Caplan
|
Jacob
|
1903
|
Kjøpm.
|
18.6.1941
|
26.11.1942
|
Monte Rosa
|
19.3.1943
|
39
|
Fischer
|
Bertha
|
1897
|
Husmor
|
26.11.1942
|
24.2.1943
|
Gotenland
|
3.3.1943
|
45
|
Fischer
|
David
|
1899
|
Bedrifts-eigar
|
26.10.1942
|
26.11.1942
|
Donau
|
1.12.1942
|
43
|
Fischer
|
Martin
|
1895
|
Kjøpm.
|
18.6.1941
|
26.11.1942
|
Monte Rosa
|
5.1.1943
|
47
|
Fischer
|
Samuel
|
1907
|
Bokf.
|
26.10.1942
|
26.11.1942
|
Donau
|
12.1.1943
|
35
|
Fischer
|
Wulf
|
1922
|
Bonde
|
26.10.1942
|
26.11.1942
|
Donau
|
1.3.1943
|
21
|
Fischer
|
Lilian
|
1928
|
Skole-elev
|
26.11.1942
|
24.2.1943
|
Gotenland
|
3.3.1943
|
14
|
Fischer
|
Idar
|
1931
|
Skole-elev
|
26.11.1942
|
24.2.1943
|
Gotenland
|
24.3.1943
|
11
|