torsdag 23. desember 2010

Useriøst norsk-forsøk på Kongsbakken

I Nordlys 13 desember kunngjør avdelingsleiar Odd Gaare ved Kongsbakken videregående skole at skolen har sett i verk eit forsøk med berre ein karakter i norskfaget for dei elevane som starta opp i haust. Det han ikkje fortel er at forsøket blei utsett fordi leiinga ved skolen ikkje hadde sett seg tilstrekkeleg inn i kva reglar som gjeld for forsøk i skolen. Utdanningsdirektoratet sendte søknaden i retur fordi den ikkje fylte krava som rundskriv om forsøk i skolen sett. Da godkjenninga låg føre, var halve semesteret gått.  

Den viktigaste grunnen til å vere skeptisk til forsøket er at det legg  opp til mindre skrivetrening for elevane. Talet på vurderte skriftlige arbeider er redusert. Elevane får mindre skrivetrening enn  elevar på andre skolar. Dette er stikk i strid med den medisinen ein elles skriv ut til ei skole som stadig blir utsett for påstandar om nivåsenking. Meiner Kongsbakkene at mindre skriving gir betre kunnskapar i skriving?

Gaare sitt innlegg gjør det nødvendig å presisere:
Kongsbakken har ikkje fått høve til å gjennomføre eit prosjekt med ein karakter i norsk utan vilkår. Skolen har fått lov å spørje foreldra og  elevar om dei vil vere med på eit forsøk med færre karakterar i norsk. Det er grunn til å tru at foreldra er dårleg informert om prosjektet og konsekvensane for elevane ved å delta. I følgje krava til Utdanningsdirektoratet skal skolen informere grundig om forsøket og det skal vere valfritt for foreldre/elevar å vere med. Korleis ivaretar skolen retten til valfridom? I dag er det ingen elevar/foreldre som har reservert seg mot å delta i forsøket. Kongsbakken har ikkje lagt opp til at dei foreldra som vil at deira elev skal ha tre karakterar i norsk, får det. Kan mangelen på informasjon vere ein av grunnane?

Kongsbakken vgs har i fleire år hatt dårlege resultat i norsk sidemål. Hadde det ikkje vore betre å ta tak i denne utfordringa i staden, eller er forsøket meint å skulle dekke over dette faktumet? Det einaste gledelege ser ut til å vere at Gaare skriv nynorsk, og vi ser fram til at han fortsetter med det.

onsdag 22. desember 2010

Magiske fotos

Den siste tida har det vore masse snakk om åndeliv og magiske hendingar. Fotoet i dag er frå Duomoen i Milano sommaren 2010. Kven dei som står rundt meg var veit eg ikkje. Gjenferd, åndevesen ?

tirsdag 14. desember 2010

Julestemning i Narvik

I går feira Narvik Luciadagen med lysfest rundt dama på torvet. Fakkeboksar langs Frydenlundsbrua og over til Oscarsborg gjorde det stemningsfullt. Her ser vi området betrakta frå Kikindas plass oppe på Torvhalltaket. Kikinda er den serbiske venskapsbyen til Narvik som ligg oppe i Vojvodina. Byen hadde særleg mange fangar i Beisfjordleiren under krigen. Dødeligheita i leiren under den serbiske perioden var på nivå med dei verste leirane på kontinentet.

mandag 13. desember 2010

"I stall og stue" - norsk hegemonikultur i eit nøtteskal

I dag er det Lucia-dagen. Alle har fått det med seg. Den nyreligiøse svenskinnførte tradisjonen med uskuldskvite småjenter med lysestakar i håret og kvite stearinlys i hendene, syngande om "mørket som senker seg i stall og stue". Først og fremst handlar dette om barnehagekultur. Med barnehageungane kom Lucia-dagen. Før denne fanst han berre i Sverige, der barnehagane kom først. For det andre er feiringa ein av dei beste indikatorar på oppfinning av ein tradisjon som illustrerer norsk kulturhegemoni. Den gamle napolitanske songen til Teodoro Cottrau om St.Lucia handlar slett ikkje om bonderomantikk eller innlandskultur i "stall og stue". Sidan han er omsett frå svensk kjem dette heilt bort. St.Lucia var nemleg songen fiskarane i Napolibukta song når dei var ute på havet, ikkje ulikt det ti tusener av nordmenn langs den langstrekte kysten vår opplevde.

"O dolce Napoli, o suol beato", heiter det i ei av versa til den napolitanske songen om St.Lucia. I god norsk bokmåls/austlands-tradisjon har ein klart å flytte dette til stallen i ein innlandsgard

Dei song om sølvstjerna som skein over havet, om den gunstige vinden, dei fredeleg bølgjene og ba om at St.Lucia kom ombord i sin "barchetta" - båten deira. Vidare handla det nettopp om å få godt ver og god bør, og så hylla dei Napolibukta, den vakre bukta der sør;  "O dolce Napoli, o suol beato". (O søte Napoli, o signa land). Derfor blir mange overraska over å høre songen blant båtfolk i Napoli-bukta heile året.

Å få songen til å bli ein bonderomantisk song om mørket som senkar seg i stallen er rett og slett for drøyt, særleg tatt i betraktning at storparten av folk i landet vårt bur langs kysten og har ei tilknyting til havet som handlar om kystkultur, fiske og fangst, samferdsel, handel og kommunikasjon, og ikkje minst i dei seinare åra offshore-verksemd. Men dette føyar seg berre inn i den tradisjonelle norske måten der dølen er nasjonens kulturbærar og bonden den viktigaste yrkesgruppa i norsk nasjonalisme, og ungar land og strand rundt må gnåle om alle dei austlandske tinga - på bokmålsk så klart. Slik går det når norske tradisjonar skal oversettast frå svensk og ikkje frå originalspråket.

mandag 6. desember 2010

Nytt innlegg i Logodebatten

Frå Seksjon for Historie ved Høgskolen i Bodø har det komme eit splitter nytt logoframlegg. I grunngjevinga frå seksjonen heiter det: Vi er det friske, fagerike og luftige universitetet. Vi vil opp og fram.
Inspirasjonen bak framlegg kom etter at ein av seksjonen sine medlemmar deltok i eit barneselskap.

fredag 3. desember 2010

Logodebatt

Eg hadde ikkje komme i ny jobb før eg havna i ein ny debatt om "visuell profil". Eg har med andre ord hamna i ein ny logo-debatt. Dei siste åra har ein viss bransje kost seg glugg i hel over alle dei fantastiske logoane dei har kunna rista ut av ermet. Alskens organisasjonar og offentlege institusjonar har hatt ei leiing som sit der servilt og seier at dette var jammen fint, sjølv om dei inst inne ikkje meiner det. Ved Universitetet i Stavanger fekk eit profesjonelt firma av kreative designarar teikna ny logo, visstnok eit eller anna frå regionen med ei slags heilag kraft, nærmast ei heilag jomfru. Resultatet vart at alle i organisasjonen kalla den nye logoen for "spøgelset", for det var det dei såg. Ved Universitetet i Tromsø skulle dei ha ny profil, fordi dei fusjonerte med lærarskolen. Då hadde organisasjonen utmerka seg med ein av dei mest geniale logoar nokon sinne - Odins ramnar Hugin og Munin.
Om desse heiter det mellom anna: "Namnet Hugin tyder tanke og namnet Munin tyder minne. Det vert fortalt at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin." Perfekte symbol for eit universitet som vil vere fremst i forsking og undervisning.

Etter at dei tilsette mobiliserte sterkt, måtte kommunikasjonsavdelinga strekke våpen, og utfasing av ramnane vart stoppa. Dei grafiske designarane vart forsmådde, men fekk sine premiepengar.

Så kjem det fatale utspelet frå det nye nordnorske Universitetet i Nordland, som skal ha ein slags nonfigurativ "Barbie-logo" - sitat Roger Lockertsen - som dette:

Kva er grunngjevinga for logoen utvikla av Rayon Visual Concepts AS  ? Jo, det er "kantete former satt sammen til en helhet som representerer det kontrastfylte, rå og majestetiske i det nordlandske landskapet". Og vidare:
  • Vi må assosiere til måten fjellet stuper ned i havet  
  • Hvordan lyset treffer siden av en bergvegg 
  • Det duggvåte og irrgrønne gresset innerst i en liten vik
  • Den krittvite stranden som åpenbarer seg bak en odde
  • Den høye himmelen som tindene strekker seg mot og
  • Høstfargene som speiler seg i havet
God morn, seier eg. Er det mulig, har andre sagt. Er dette eit universitet eller "visit Nordland", spør no eg. Skulle ikkje dette vere symbolar som assosierte til forsking og utdanning, eller er dette berre eit ledd i å "brande næringslivsinteresser"? Desverre Rayon Visual Concepts", dette var ikkje godt nok for meg.


fredag 12. november 2010

Elias Blix-jubileet, Gildeskål og myta om mannen

Den siste tida har det versert ein del innlegg i Avisa Nordland om Elias Blix. Særleg irriterande er det at Blix skulle blitt nekta å preike i Gildeskål då han var heime sommaren 1866. Dette er ei myte som professor Hallgeir Elstad har prøvd å punktere sidan 2002, men han ser ikkje ut til å ha lukkast med det. La oss derfor sjå på myta om presten Blix som vart stoppa i Gildeskål.


Domkyrkja i Reykjavik. Elias Blix hadde ingen draum om å preike, meiner professor i teologi Hallgeir Elstad ved Teologisk Institutt, Universitetet i Oslo

Elstad (Kirke og Kultur 5/6-2002) skriv at Blix drog heim til Gildeskål etter embetseksamen i teologi i 1866, for første gong sidan han reiste til hovudstaden i 1859. Folk hadde store forventningar til han, fordi dei hadde hørt at han hadde gjort det godt, og at han ville bli prest. ”Tenk om dei kunne få høyre han preike i heimekyrkja”, skriv Elstad, og legg til at tanken var realistisk. Heime møtte han sokneprest Hans Henrik Holch Daae, som han la fram ærendet for, heiter det i myta. ”Men soknepresten, som var av gammal embetsmannslekt, nekta han å preike i Gildeskål kyrkje. Han ville ikkje sleppe ein allmugemann som Elias Blix opp på preikestolen. Allmugen kunne blir lærarar, men prestar, nei, der gjekk grensa, skal soknepresten ha meint.” Blix skulle tatt avslaget så tungt at han gav opp å bli prest, for i staden å bli vitskapsmann.

Elstad spør om forklaringa er rimeleg for korfor Blix aldri vart prest. Kunne soknepresten få ”ein dugande teolog” til å endre livsplanen, spør han. ”Var Blix så vakkelvoren? Trudde han ikkje meir på det han dreiv med?” Historia er ikkje dokumentert. Elstad meiner ho er usannsynleg. Fordi:
1. Dersom det var tilfelle at Daae nekta Blix å preike, ville Blix ha skrive om det nokon stad. Det har han ikkje.
2. Korfor skulle Daae svare nei på eit spørsmål frå cand. theol. Elias Blix om å få preike? Det ville vere i strid med norsk lov, fordi lova opna for at teologar skulle ha høve til å øve seg i kyrkja. Blix og Daae var likemenn, og ingen nekta bondesøner prestestilling. ”Soknepresten må ha visst at Blix hadde ei høg stjerne i bygda”, skriv Elstad, og legg til at Daae måtte ha ”tilstrekkeleg sosial antenne til å innsjå at dette var ei ikkje-sak”.
3. Blix hjelpte Daae med eksamensarbeid den sommaren. Dei samarbeidde godt og tett. Ville dei gjort det om soknepresten hadde nekta Blix å preike, spør Elstad.

Heimkomen til Kristiania (Oslo) hausten 1866, skreiv Blix at han hadde ”gjenseet mit kjære Hjem”, og at turen hadde gjort han ”ligesom forynget, aldeles nordlandsk i Sind og Skind". Den optimistiske tonen kjem ikkje frå ein nedbroten ung mann ”som har vorte nekta preikestolen og har endra livsplan”, konkluderer Elstad.

Det er grunn til å tru at Elias Blix alt hadde bestemt seg for ikkje å bli prest. I 1861, då han studerte hebraisk som del av teologistudiet, skriv han at det var eit studie han kjente ”stor lyst" ved. Biskop Anton Chr. Bang - farlaus fiskarbondeson frå Dønna og studiekamerat frå Tromsø og nær ven, talte i gravferda om Blix: "Uden Famlen, uden Vaklen” fann han si ”Livsopgave og blev denne tro til sidste Stund", og sikta då til vitskapsmannen Blix.

Elstad meiner personlege grunnar låg bak. Blix var svært sjenert. Ein tidlegare Tromsøelev fortalte: "Han vart raud berre dei tala til han, og han våga mest ikkje tala til elevane." Som universitetsprofessor var han svært reservert overfor studentane. Han var ingen folketalar, og heldt seg taus i store forsamlingar. På talarstolen på Stortinget vart han rekna som keisam, og sjølv vantrivetest han på preikestolen og framfor alteret.

Blix spurte neppe om å få preike i heimekyrkja sommaren 1866. Det ikkje hans draum, men kanskje mest draumen til folk i Gildeskål. Kanskje vart dei skuffa då dei ikkje fekk oppfylt den, skriv Elstad: ”Rykta tok til å svirre. Kva var det med han Elias? Det måtte då vere noko sidan han ikkje fekk preike? Lause rykte vart til historisk sanning: Sokneprest Daae hadde nekta Blix å preike. Embetsmannen ville ikkje ha bondesonen på preikestolen. Og historia om Blix som vart nekta å preike i heimekyrkja si, passa unekteleg godt inn i den gamle motsetnaden mellom nordlendingane og arrogante embetsmenn sørfrå”. Slik har ein påstand utan dokumentasjon blitt ført vidare og halde fast som ei historisk sanning, også inn i Blix-jubileet i 2011.

Du finn  artikkelen til Elstad her