onsdag 23. juni 2010

Defoe - dagens helt i England

Ja, her ser vi altså skoa til Defoe. Lurar på om det var dei grøne han skåra med, eller kanskje var det dei til venstre (grå og blå). Tja, det får vel sladrepressa bestemme, men for å seie det som sant er. Sist eg trefte Jermain Defoe skåra han fire i ein kamp. Hadde kompisane mine frå 70-talet lest denne bloggen, hadde dei sagt: "får æ ta på dæ"?

tirsdag 22. juni 2010

Nord-Troms-tur med Krokelvdalen G 94

Helga 18.-19.juni var det igjen tur til Nord-Troms for å spelle fotball  for G 94 laget til Krokelvdalen. Fredag kveld møtte laget Skjervøy i ein jamspelt og spennande kamp der det til slutt blei 1-2 til Krokelvdalen. Deretter bar det til Indre Kåfjord og den nye kunstgrasbanen på Holmen i Birtavarre, der kampen gjekk av stabelen laurdag kl 1030. I striregnet gjekk Kroken-gutane raskt opp til 3-0, men så sa det stopp, og i andre omgang fekk heimelaget inn eit mål. Like før slutt punkterte krokenlaget kampen med eit mål til, og stillinga vart 1-4. Med seks poeng frå helgekampane gjekk laget forbi TUIL og Skjervøy på tabellen og har berre to lag over seg (Tromsø IL og Kvaløya). G 94-laget hadde lånt inn fem spellarar frå G95 -laget, ein av dei - minstemannen Markus - skåra det viktige andremålet mot Skjervøy og det fjerde mot Indre Kåfjord. Artig var det også å sjå at den siste tilveksten, Zek frå Afghanistan, har blitt ein del av gruppa og ein viktig spelar for laget. (Foto: Før kampen mot Indre Kåfjord på Holmen kunstgras: Framme frå V: Rahmi, Ragnar, Frank-Even, Martin L, Zek, Fiakre, Markus. Bake frå V: Martin B, Thomas P, Benjamin, CP, Emmanuel og Kristoffer.)

mandag 21. juni 2010

Adjektivbruken i TV2 - "fantastisk"

Så har fotball-festen vara i snart to veker og mangt kan seiast om det heile. Førebels kan vi vel berre konstatere at vorspielet så vidt er i gang. Det har enno ikkje tatt heilt av. Det skaper litt irritasjon frå dei som vil ha kreativ fest-fotball med fokus på det å skape sjansar og dermed fleire mål, i staden for som no: dei destruktive når for mykje gjennom med sitt destruktive spel i for stor grad. Noko av det mest irriterande er derimot verken dette eller vuvuzelaen, men adjektivbruken til TV2 sine gutar, for det er gutane som styrar der. Ikkje er det plass for kompetente jenter, berre når ein skal ha staffasje eller eit eller anna som kan supplere det kulturelle feltet i studio, for å gje kunnskap om eit spennande land ei kvinne har vore på besøk i. Her har TV2 noka å lære av svenskane, som stiller med fotballfagleg kompetanse frå personar av det "annet kjønn" kvar dag. Bravo for det.
Nok om det. Det var adjektivbruken som irriterte. Når Alsaker klarer å sjå det fantastiske i alt som skjer av pasningar som ikkje går feil, kårnerar som går dit dei skal og skot som er nokonlunde farlege, så er det for fantastisk dårleg. Her finst det eit vell av nyansar. Skotet kan vere bra, brukbart, nokolunde vellukka, mislukka, dårleg utført, mykje bra, særs bra, brilliant, berre for å nemne nokre nyansar som finst i norsk språk, men her finn verken Alsaker eller Semb anna superlativ enn "fantastisk". Og det til og med som adjektiv om nokså middelmådige prestasjonar. Berre ved eit høve vart adjektivet "eksellent" nytta om ein brasilianar mot Elfenbeinskysten. Elles var det "fantastisk". Dette blir som universiteta sin bruk av den nye karakterskalaen. Når alle studentar får karakteren A, veit ein ikkje lengre kva karakter ein skal gje til den verkeleg gode prestasjonen. Kva er dessutan vitsen med karakterane B, C, D, E og F.  TV2: Sjerpings! Alt er ikkje fantastisk!

tirsdag 15. juni 2010

Ka blir det neste? Didgeridoos?

Etter å ha lidd seg gjennom fleire uinteressante fotballkampar der det knapt nok vart skapt ein einaste sjanse, er målsnittet for kvar kamp i VM i fotball omtrent eitt mål pr. kamp. Det som skulle bli eit fyrverkeri har vel blitt til ein eitt grams kinaputt. Rett nok ein våt ein. Verst så langt er det vel at lokalbefolkninga satsa alt på basunar for å skape stemning. Kan ikkje ein eller annan med myndigheit ta frå dei tåkelurane og be dei slutte å lage lydar som øverdøvar alt og alle? Til og med Nils Johan kjem bort, og det er jo nesten for ille. No er det vel på tide at vektarane kjem tilbake på arbeid så vi får gjort noko med problemet. Tenk om Australia skulle få VM og folk skulle bli plaga med eit kor av 10 000 Didgeridoos som trengte seg inn i hjernen din og tok over lydbiletet? Dette er ein sak for Arbeidstilsynet. Nei, her er vel løysinga på problemet at det blir spelt betre. Underhaldningsverdien er liten, og dei som har komme på kamp har anna å gjøre enn å følgje med på kampen. Det blir som første gongen "bølgen" vart introdusert til VM i 1986 i Mexico. Hundre tusen tilskodarar dreiv og reiste seg til stadigheit som ein bølgje, noko som visstnok var vanleg i Mexico. Effekten var som ein fest på stadion under Folkerepublikken Koreas nasjonaldagsfeiring, eller som under linjegymnastikken under landskongressen til NSDAP i mellomkrigsåras Tyskland - stilfullt, med fin presisjon og samtidig koordinering. Likevel må eg vel seie meg einig med Dag Solstad, som vart forvirra av fenomenet i Mexico. Han måtte stadig reise seg for å få sett kampen, fordi alle dei andre stadig dreiv og stod i vegen. Kunne dei ikkje følgje med heller?
Ja, kanskje er eg litt konservativ? Kanskje set eg for mye pris på samspelet mellom publikum og aktørane nede på det grøne graset? Gje meg ein god gamaldags fotballkamp, og få slutt på den konstante bisvermen av basunar som riv verre i ørane enn Jerikos basunar.

onsdag 9. juni 2010

Straffespark og angst for målmenn

Det bryggar no opp til nervepirrande tider foran tv-skjermen både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. NO er det vinn eller forsvinn, pg då inkluderer det straffespark-konkurranse. I VM har to av dei siste fem finalane blitt avgjort på straffer. Ein nasjon som har dårleg erfaring med straffekonk er England, som berre har vunne ein, og det så langt tilbake som i EM i 1996 på heimebane. (Foto: Daily Mail. Syner engelske Chris Waddle bli trøsta etter missen i semifinalen i 1990 )

I dei siste åra har det blitt forska på straffekonken, og svaret ein finn på korfor det sviktar er såre enkelt: Du må ikkje bry deg om keeperen når du skyt. Han er nemleg den største distraksjonen under straffesparket. Ignorer han, og konsentrer deg utelukkande om kor du vil sette ballen, er rådet vitskapen gir oss. Studiet er leia av psykologen Greg Wood frå Exeter University, som har studert augene til straffetakaren under straffesparkkonkurransen, for å sjå korleis skyttaren blir forstyrra av keeperen samstundes. "If he (the goalkeeper) can make himself more threatening, he can distract the kicker even more. By doing (certain) behaviors, he can make it so the kicker will kick (the ball) near the goalie.”

Wood legg til at spelaren som tar straffa alltid er i førarsetet, men di meir usikker han blir, di meir vil han sjå på målmannen:  “Don’t pay attention to the goalkeeper,” er svaret Wood kjem med i studien publisert i Journal of Sports Sciences. “The control is with the kicker, and he must realize that, get confidence from it, and then align his eyes and let the eyes provide the brain with the necessary information for accurate shooting.”
Kem hugsar ikkje klovnestrekene til Bruce Grobbelaar frå Europacupfinalen i 1984? Romaspelarane vart tydeleg distrahert, og då mista dei heilt fokus. Grobbelaar hoppa frå side til side og gjorde ein slags skjelvande gele-dans med beina. Frå straffetakaren sitt perspektiv førte det til at han mista fokus og ikkje konsenterte seg om å gjøre det han hadde tenkt. Dermed auka sjansen for å ikkje utføre sparket slik det skulle gjørast, fortel studiet til Woods: “Whether it is a ’spaghetti legs’ routine or simply the waving of arms, it seems that Bruce Grobbelaar was right: A distracting goalkeeper does test the concentration of penalty-takers.” Artikkelen kan du bestille her:
http://www.tandf.co.uk/journals/journal.asp?issn=0264-0414&linktype=rates


mandag 7. juni 2010

7. juni 2010 - ein merkedag

I dag er det 70 år sidan ein flyktande konge rømte landet då han gjekk ombord i den britiske kryssaren Devonshire i Tromsø. Fem år skulle gå før han returnerte til landet, og i motsetning til ei rad andre flyktande monarkar, fekk kongen komme att til Noreg etter at den tyske okkupasjonen var over i 1945.
Kongefamilien sin flukt til Storbritannia med regjeringa vart den definitive slutten for det sjølvstendige Noreg, og tre dagar seinare la styrkane ned våpna ved Narvikfronten, etter å ha pressa den tyske okkupanten lenger og lenger inn i fjellheimen mot Sverige. Då hadde utviklinga på kontinentet gjort det nødvendig for britar og franskmenn å evakuere sine styrkar stille og rolig.

Dagen for flukten var også viktig. Det skjedde nøyaktig 35 år etter Unionsoppløysinga med Sverige, då Stortinget gjorde slikt vedtak:  "Da statsraadets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeder, da Hans majestæt kongen har erklæret sig ude af stand til at skaffe landet en ny regjering, og da den konstituionelle kongemagt saaledes er traadt ud af virksomhed, bemyndiger stortinget medlemmerne af det idag aftraadte statsraad til indtil videre som Den norske regjering at udøve den kongen tillagte myndighet i overenstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende lov - med de ændringer, som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge."

Denne erklæringen gjorde at Kong Oscar II sette kaffen i vrangstrupen, og resten av Europa måpte. 7. juni-vedtaket oppløyste unionen i ei nøye uttenkt bisetning til bisetninga. Arkitekt var Christian Michelsen, statsministeren som førte Norge ut av unionen med Sverige og gjorde landet sjølvstendig.

Så opp med flagget for 7. juni. Dagen då vi først fekk tilbake og seinare mista sjølvstendigheita. Med til soga hører det at 7. juni også var dagen då Kong Haakon returnerte til Oslo i 1945.

søndag 6. juni 2010

Fantastiske VM-sitat

I desse VM-tider kjem det stadig nye gullkorn frå dei som skal delta eller frå journalistar som følgjer med på ting. Eit av dei største kom for nokre år sidan frå Manchester United sin back Phil Neville som uttalte seg slik om  Brazil og Ukraina: The Brazilians were South American, the Ukrainians will be more European.


Ein annan stor fotballpersonligheit Kevin Keegan fekk også ein periode som trenar for England. Han strødde om seg med gullkorn som dette:
The Germans only have one player under 22, and he’s 23.
I don’t think there’s anyone bigger or smaller than Maradona.


Ein annan legendarisk manager, Jackie Charlton skulle ha ansvar for Irland i VM i 1990. Charlton var ikkje kjent for å hugse namn på spelarar, verken eigne eller andre. Eit døme var spissen Tony Cascarino frå Millwall, som hadde juksa seg til irske anar, sjølv om alle sjølvsagt såg at han var italiensk av avstamming. Sidan alle som sel iskrem i London er av italiensk avstamming vart Cascarino alltid kalla "the Ice Cream Man" av gamle Jackie. Han huska jo ikkje kva fyren heitte. Derfor var det ikkje rart at Charlton ikkje sette seg så godt inn i kva motstadarlaget dreiv med. Etter kampen mot Egypt i grunnspellet i 1990-VM vart han spurt ut om Egypt sine spelarar. Hadde han lagt merke til nokre spesielle?

“I couldn’t tell you. I don’t know any of their names,”  og vidare:
“There was the guy with the beard, the dark lad in midfield, the little dark lad who played centre midfield, the very coloured boy, and the boy who played up-front.”



Han hadde vel vore noko for "Bakrommet"? Her hadde vel Nils Johan noka å lære?