onsdag 9. november 2011

Mannen er kanskje borte, men krisa er det ikkje


For 4,5 mill Euro kan du få kjøpt ein halvferdig havgåande båt til bruk i arktiske farvatn. Han står på beddingen i Livorno i Italia som eit rustraudt symbol på krisa med stor K.

Det er desverre ikkje berre den politiske krisa i Italia som er djup. Den økonomiske er minst like ille. Her symbolisert med det useljelege fartøyet på land. Forlatt og aleina, ubrukeleg og til inga nytte. Verftet her ute i hamna i Italias nest største hamneby symboliserer at ikkje alt er like bra. Dei uvirksomme kranane likeså. Inne i containerhamna har ein nettopp mista leveransar frå Toyota i Japan til ein verdi på mange millionar. Truleg er det ikkje like stor fart i cruice-trafikken i dag som før heller. Dermed mistar ein gode inntekter også her.

Om Italia blir kvitt Berlusconi i neste veka er det med andre ord masse å gripe fatt i for den som tør ta over. Han (for det blir sikkert ein han) får eit svare strev med å få fart i seila, eller først og fremst handlar det nok om å få båten på havet. Få båten til å flyte. Då er det godt at fyret i hamna i Livorno kan lyse opp og vise kor leia går. Det vil nestemann ut trenge, for krisa er langt frå over sjølv om mannen er borte.

fredag 4. november 2011

Vakker viadukt - sovjetiske krigsfangar

Ute ved Bø på Engeløya i Steigen ligg det enorme festningsanlegget "Batteri Dietl". Her har Salten Museum sitt avdelingsmuseum som syner det svære anlegget som skulle hindre alliert landgang i Ofoten i tida 1941-1945. På veg ut mot anlegget finn du denne vakre viadukten som dei sovjetiske krigsfangane bygde. Vakkert handverk må ein seie. Skår i gleda er det derimot at over 500 av dei sovjetiske statsborgarane døydde på Engeløya. Viadukten på Bø i Steigen er eit flott minne over desse døde.

søndag 30. oktober 2011

Dagens Vespa (V)

Denne lekre Vespaen som blir brukt som blomsterkasse, finn du i Livorno. Toscanas perle ved kysten i vest.

lørdag 29. oktober 2011

Norske historiedagar 2012 i Bodø


Til neste vår blir det historidagar i Bodø. Det skjer første helga i mai på Rica-hotellet i sjøgata (foto til venstre). Festivalkroa blir på D/S Salten som ligg sentralt i bildet. Bak ser vi Bodøs torg, og i bakgrunnen skimtar vi to majestetiske bygg av gjenreisningsarkitekturen; Rådhuset (tv.) og Domkyrkja(bak d/s Salten). Ver velkommen til byen med den høge himmelen, ute med havet.

fredag 14. oktober 2011

Quatro Mori - fire maurarar


Nede ved hamna i Livorno i Italia står eit sterkt monument som viser fire mauriske piratar som er fanga og lenka i kjetting. Symbolikken en sterk og anti-muslimsk meiner mange. Protestane mot monumentet har vore mange i seinare tid. Uttrykket i fjesa til dei fire framande er sterkt. Det er ingen tvil om at dei ikkje nyt stoda. Fire mauriske fangar i Livorno. Verre er det med symbolet til dei som er i flagget til Sardinia: dei er halshogd. 

Du ser flagget under:
Seinare har det vore protestar ved monumentet knytt til immigrasjonen og behandlinga av innvandrar i Italia. Når krybba er tom....og så vidare

Buer og bruer

Bodø-haust

Hausten tar visstnok aldri slutt i år. Vi minnest likevel dagane der lauvet enno var fast på trea.For ikkje å snakke om fargane. Hausten er truleg den vakraste og kortaste årstida - nice! som det heiter på meir internasjonale språk enn bokmål....